Posts by eivind@mastodon.fjerland.no
 (DIR) Post #AboF69Hc5OwHo8IWAa by eivind@mastodon.fjerland.no
       2023-11-14T21:15:10Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       @Venn Thank you.
       
 (DIR) Post #Acq6Aoj41vVZY6sk2S by eivind@mastodon.fjerland.no
       2023-12-15T16:24:32Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       @cmyrland Threads bør blokkerast.
       
 (DIR) Post #Acq7gmghF9K0Rsa7CS by eivind@mastodon.fjerland.no
       2023-12-15T16:53:42Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       @kjetil_kilhavn @cmyrland Då får me vera samde om å vera usamde :-) Meta er eit selskap/konglomerat eg vil leggje mykje vinn på å unngå. Eg stolar på ingen måte på dei, og vil difor unngå alt samkvem med dei. Eg vil heller ikkje seia til folk at dei berre kan vera på threads.
       
 (DIR) Post #AcrsmQR7m8v8BARvkG by eivind@mastodon.fjerland.no
       2023-12-16T13:16:00Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       @cmyrland @kjetil_kilhavn Hald att avtrekkjaren litt, er du snill. Det er nok ikkje så enkelt som "rett" og "feil" her. Eg prøver ikkje å overtyde deg, og respekterer det du seier. Det går an å meine det du gjer, sjølv om eg ikkje er samd med deg. Eg ventar tilsvarande tilbake. Faktum er i alle fall at threads vil skapa to fraksjonar på #allheimen, nemleg dei som blokkerer og dei som ikkje gjer det. Og då har vel Meta utretta ein av dei tinga dei ville. 1/2
       
 (DIR) Post #AcrxTmXlrBY90oUJ16 by eivind@mastodon.fjerland.no
       2023-12-16T13:25:53Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       @cmyrland @kjetil_kilhavn Så er det interessant at du nemner Gmail som døme. Du har heilt rett i at "ingen" blokkerer Gmail-adresser, men Alphabet på si side står fritt til å blokkere alle mindre eposttenarar og heile IP-blokker viss dei vil. Det er ein ujamn balanse, og øydelegg mykje for epost som protokoll. Det er vel ikkje spesielt provokativt å meine at Meta kan finne på noko liknande, og dermed øydeleggje ein heil del for fødereringa. Dermed har dei oppnådd mål nummer to. 2/2
       
 (DIR) Post #Acs1bAs8Cc7cJDn93w by eivind@mastodon.fjerland.no
       2023-12-16T14:54:53Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       @kjetil_kilhavn @cmyrland Klokare folk enn eg skriv om dette. Eitt av innlegga er nemnt her i tråden, og her er eitt til: https://ploum.net/2023-06-23-how-to-kill-decentralised-networks.html
       
 (DIR) Post #AdZ809J8OZT3K28Dg0 by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-01-06T09:43:35Z
       
       0 likes, 1 repeats
       
       Dette er godt arbeid av NRK. Det er ikkje særs mange som kan laga saker med såpass grundig førearbeid og god oversikt. Funna er syrgjelege: Nedbygd #natur over heile fjøla. https://www.nrk.no/dokumentar/xl/nrk-avslorer_-44.000-inngrep-i-norsk-natur-pa-fem-ar-1.16573560
       
 (DIR) Post #AhoOua9ObRDlHF9RS4 by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-04-20T18:31:16Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       I dag vil eg skriva um #folkemusikk, serleg på #hardingfele, og um #ekstase, nesten alt på #høgnorsk. Eg er ingen utrøynd lydar når det gjeld folkemusikk. Det å høyra på timevis med solo hardingfelespel er for dei fåe. Sumtid kan likevel musikken gripa fatt i meg, og nokre spelemenn og -kvinnor hev gåva å spela seg upp i egse. Eg hev sett det nokre fåe gonger, og eg gløymer det ikkje. Fyrste gongen var på Fagernes um lag 1996, og spelemannen var Hallvard T. Bjørgum frå Valle i Setesdal.1/
       
 (DIR) Post #AhoOub4p9v9s9M1Ixs by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-04-20T18:35:43Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       Konserten var på gamle jarnbanerestauranten på Fagernes, både då og no ein gamal slitar av ein kinarestaurant. Eg var med mor mi, og hadde ikkje venta at noko stort skulle skje, men det gjorde det. Bjørgum starta med å be bryskt um at bakgrunnsmusikken skulde skruvast ned, for han Hallvard skulde halda konsert! Sidan serverte han sogor og låttar um einannan. Han prata um ein uljod han hadde havt i fela,"ein demon", og um "demonutdrivaren" på felemakarverkstaden på Fagernes.2/
       
 (DIR) Post #AhoOuc0xflf93fDjaC by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-04-20T18:40:45Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       Eg er nokso analytisk av meg når eg høyrer på musikk, og eg trur helst på det eg anten kan halda i hendene eller sjå med eigne augo. Eg er lite metafysisk. Trass dette såg og høyrde eg at Bjørgum spelte seg ut or denne verdi og til ein annan stad, og me lydarane vart med honom. Han trampa dobbelt, slik setesdølene gjer (i 3/8-hallingar trampar dei båe dei tvo fyrste slagi, medan nesten alle andre trampar berre det fyrste), og spelte med kraft, variasjon, klårleik og høgt uppdriven teknikk. 3/
       
 (DIR) Post #AhoOuedJw7XDBDBOeO by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-04-20T18:47:19Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       Eit stykke uti konserten spelte han eit slag (setesdøl for "lått" eller "slått") der augo lét seg att, kroppen byrja gynga meir og han kom med små ljodar eller kanskje grynt. Det høyrest ikkje plent ekstatisk ut, men både spelet og åtferdi var det lell. Det tok både han og oss med ut ein stad. Det var noko med dobbelttaki, trampingi, melodien og forsiringane. Eg hadde ikkje høyrt slikt, og hev ikkje fenge det sidan heller. Det næraste er ein konsert med Utla, der Håkon Høgemo spelte.4/
       
 (DIR) Post #AhoOuhRNUylRt2cOx6 by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-04-20T18:54:15Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       Motsett Bjørgum spelte ikkje Høgemo ut mot publikum, men inn mot seg sjølv. Han krulla seg kring fela si som ein snigel i huset sitt, og var eit einaste stort øyra innover mot musikken. Or dette strøymde eit fossebrøl, ei nærast fysisk kraft som det verka umogleg at kunne koma frå ein so finsleg og stillfaren mann. Det går altso an å spela seg upp i egse, og det er eit uforklårleg under når det skjer. Sjølv hev eg berre vore i nærleiken nokre fåe gonger, men likevel ikkje.5/
       
 (DIR) Post #AhoOujweBgxtebGOy8 by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-04-20T19:02:58Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       Eg hev heller ikkje høyrt slikt på innspeling, berre i levande live. Eg kan ikkje påstå at eg hev høyrt alt Hallvard T. Bjørgum hev spelt inn, men det eg hev høyrt på plate, er so mykje meir forsiktig og på avstand enn det åtaket eg upplevde på kinaen på Fagernes. Det syner kanskje at slike upplevingar helst skjer millom levande menneske, som då Bernt Oskal tok sats, mota seg upp og joika transcendentalt i ein lavvo i Båtsfjord. 6/
       
 (DIR) Post #AhoOumLXG83t6MvJ2W by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-04-20T19:07:31Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       Ein som hev skrive truverdig um dette, er Jens Bjørneboe i diktet "Myllarguten", på sitt klåre riksmål. Han skynar kva det handlar um. Trass at ikkje innspelingar ser ut til å kunna gje desse upplevingane, vil eg likevel rå lesarane til å låna øyra til nokre utøvarar. Fyrst Ånon Egeland på plata "Norske strøk", serleg springarane, men i grunnen alt saman. For ein teknikk! Håkon Høgemo på plata "Brodd" av Utla lyt ikkje gløymast, og heller ikkje Sigrid Moldestad på fyrsteplata "Taus". 7/7
       
 (DIR) Post #AhpHj6Gcra0itB4SK8 by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-03-22T13:12:50Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       Dette er av interesse for ca. ingen, men la meg likevel ta dykk med til det glade nittitalet og fortelja historia om "Boybandet Som Aldri Tok Heilt Av". Me er på Fagernes vidaregåande skule ca. 1996, og eg er med i eit band som spelar råkk. Det er som vanleg ikkje mykje pengar i denslags, så ein dag bestemmer me oss for å laga eit boyband. Det er det pengar i! Namnet blir Boy 17 (jadå, blanding av Boyzone og East 17), og me meiner sjølv me gjer alt rett: 1/
       
 (DIR) Post #AhpHj8QGqgujZfbBdQ by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-03-22T13:17:29Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       1) Finn nokre lekre og medgjørlege gutar frå andreklassen,2) Bestem kva dei skal heite, korleis dei skal kle seg og kva personlege eigenskapar dei skal ha, og køyr eit nådelaust regime på det,3) Lag nederlandske låtskrivarpseudonym til oss bakmennene,4) Komponer åleglatt pop med engelske og lett internasjonale tekstar (meir om dette seinare),5) Lag koreografiar til songane,6) Øv hardt,7) Hald ein konsert med innleigde groupies som skal hyle framfor scena, og 8) Sjå pengane renne inn.2/
       
 (DIR) Post #AhpHjAesXLmsVYRsgK by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-03-22T13:20:52Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       Alt fram til og med punkt 7 fungerte knirkefritt, men i etterpåklokskapens klåre ljos kan me kanskje vedgå at me tenkte litt for kort når det gjaldt punkt 8. Det vart aldri noko pengar. Ikkje noko internasjonalt gjennombrot. Inga A-listing på radio og festar med A-kjendisar. Det skuffa oss djupt den gongen, men eg innser at me nok hadde for dårleg kontroll over marknadsføringa. Men musikken har me framleis! Spelt inn med 4-spors kassett-portastudio og keyboard kjøpt på Statoil.3/
       
 (DIR) Post #AhpHjCyRvYd9gpcXSq by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-03-22T13:24:20Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       Og viss du har lese heilt hit, kan eg servere deg sjølve bonusen: Refrenget og fyrsteverset til "One Two", ein song eg framleis meiner burde ha vore ein smash hit viss verda berre var LITT rettvis.One two! It's just me and you!Eins zwei!We could fly so high!Uno dos!I love you because!You're my guiding star!And in the backseat of my car!We'll make love the whole night through!Yeah, baby, I love you!One two!...Og det var soga om Boy 17, for fyrste gong ute på internett! Injåi.4/4
       
 (DIR) Post #AhsHuDFPpiPpCLgRFo by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-03-27T14:17:21Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       A endelaus grubling libera nos, o Domine.
       
 (DIR) Post #AhwiKEPdV2I7mSN4D2 by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-04-27T18:08:21Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       Her er eg: Granumfestivalen! #kunst