Post AhpHjCyRvYd9gpcXSq by eivind@mastodon.fjerland.no
 (DIR) More posts by eivind@mastodon.fjerland.no
 (DIR) Post #AhpHj6Gcra0itB4SK8 by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-03-22T13:12:50Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       Dette er av interesse for ca. ingen, men la meg likevel ta dykk med til det glade nittitalet og fortelja historia om "Boybandet Som Aldri Tok Heilt Av". Me er på Fagernes vidaregåande skule ca. 1996, og eg er med i eit band som spelar råkk. Det er som vanleg ikkje mykje pengar i denslags, så ein dag bestemmer me oss for å laga eit boyband. Det er det pengar i! Namnet blir Boy 17 (jadå, blanding av Boyzone og East 17), og me meiner sjølv me gjer alt rett: 1/
       
 (DIR) Post #AhpHj8QGqgujZfbBdQ by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-03-22T13:17:29Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       1) Finn nokre lekre og medgjørlege gutar frå andreklassen,2) Bestem kva dei skal heite, korleis dei skal kle seg og kva personlege eigenskapar dei skal ha, og køyr eit nådelaust regime på det,3) Lag nederlandske låtskrivarpseudonym til oss bakmennene,4) Komponer åleglatt pop med engelske og lett internasjonale tekstar (meir om dette seinare),5) Lag koreografiar til songane,6) Øv hardt,7) Hald ein konsert med innleigde groupies som skal hyle framfor scena, og 8) Sjå pengane renne inn.2/
       
 (DIR) Post #AhpHjAesXLmsVYRsgK by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-03-22T13:20:52Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       Alt fram til og med punkt 7 fungerte knirkefritt, men i etterpåklokskapens klåre ljos kan me kanskje vedgå at me tenkte litt for kort når det gjaldt punkt 8. Det vart aldri noko pengar. Ikkje noko internasjonalt gjennombrot. Inga A-listing på radio og festar med A-kjendisar. Det skuffa oss djupt den gongen, men eg innser at me nok hadde for dårleg kontroll over marknadsføringa. Men musikken har me framleis! Spelt inn med 4-spors kassett-portastudio og keyboard kjøpt på Statoil.3/
       
 (DIR) Post #AhpHjCyRvYd9gpcXSq by eivind@mastodon.fjerland.no
       2024-03-22T13:24:20Z
       
       0 likes, 0 repeats
       
       Og viss du har lese heilt hit, kan eg servere deg sjølve bonusen: Refrenget og fyrsteverset til "One Two", ein song eg framleis meiner burde ha vore ein smash hit viss verda berre var LITT rettvis.One two! It's just me and you!Eins zwei!We could fly so high!Uno dos!I love you because!You're my guiding star!And in the backseat of my car!We'll make love the whole night through!Yeah, baby, I love you!One two!...Og det var soga om Boy 17, for fyrste gong ute på internett! Injåi.4/4